• Sissel Ofstad

Eg går på konsert nynorsk A1/A2



The Cure kjem til Noreg. Eg elskar The Cure. Kvar dag høyrer eg på musikken deira. Eg MÅ gå på konserten deira. Eg MÅ! Eg kjøper billett på nettet. Den kostar ganske mykje pengar, men det er OK. For eg går berre på konsertar to gonger i året. Eg skal dra i lag med to venar. Dei heiter Helene og Maja. Dagen er her. Eg møter Helene og Maja utanfor Sentrum scene. Vi er veldig glade. - Dette blir gøy! seier vi til kvarandre. - Eg gler meg skikkeleg, seier eg. Det er mange menneske som skal på konserten. Vi går inn. Vi står langt bak. Eg vil gå fram til scenen. Helene og Maja vil ikkje. Vi ventar og ventar.


Så kjem bandet, The Cure, på scenen. Dei byrjar å spele. Alle blir gale. Vi hoppar opp og ned. Det er ein fantastisk kjensle. Men eg er veldig låg. Eg ser nesten ikkje kva som skjer på scenen. Det er litt dumt. Så eg prøver å kome meg fram til scenen. Det er vanskeleg, men eg jobbar meg gjennom folkemengda. Nå står eg berre tre meter frå scenen. Kult! Eg hoppar opp og ned i lag med dei rundt meg. Så går noko gale. Eg veit ikkje kva som skjer. Eller korleis det skjer. Men plutseleg har eg berre éin sko, ikkje to. Eg har mista ein sko. Det er ikkje bra. Eg treng skoen. Det er vinter. Det er snø ute. Det er kaldt. Kva skal eg gjere nå?


Først må eg finne Helene og Maja. For dei kan sikkert hjelpe meg. Jeg hoppar bak. Det går fint. Eg hoppar til eg står utan menneske rundt meg. Nå står eg kor foten utan sko er trygg. Eg ser etter Helene, ei jente med brunt hår og svart jakke. Det er mange jenter med brunt hår. Så ser eg etter Maja, ei jente med lyst hår og grønn kåpe. Det er mange jenter med lyst hår. Eg kan ikkje sjå dei. Eg ser til høgre. Til venstre. Fram og bak. Til slutt sender eg melding. Nå ser eg berre på skjermen på mobilen. Den er svart. Eg sender ei ny melding. Framleis er skjermen berre svart. Nå byrjar eg å bli trist og redd. Foran scenen hoppar mange hundre menneske på min sko. Korleis skal det gå med meg utan sko i snøen?

Eg finn ein stol eg kan sitte på. Bandet spelar framleis på scenen. Musikken er fin, men eg tenkjer berre på skoen. Eg sender ei ny melding med selfie til Helene og Maja. Kom hit! skriv eg. Nå ventar eg på at konserten skal slutte. Så eg kan leite etter skoen min. Men The Cure spelar og spelar. Skjermen på mobilen er framleis svart. Korleis skal dette slutte? Klokka er nesten tolv når The Cure går av scenen. Folk byrjar å gå frå konserten. Men ikkje eg. For eg må vente på Helene og Maja. Eg sender to meldinger til. Så ser eg Helene. Ho står i lag med Maja. - Helene! Maja! Her er eg!, ropar eg. Dei høyrer meg ikkje. Eg hoppar frå stolen til dei. - Kvifor hoppar du? spør Maja. Så ser ho foten utan sko. - Kor er skoen din? spør Helene. - Eg veit ikkje, seier eg. - Men herregud, seier Maja. Korleis kan du miste ein sko? - Eg veit ikkje, svarar eg. Helene og Maja ser på kvarandre. Dei ser ikkje glade ut. - De må hjelpe meg å finne skoen, seier eg. - OK, seier dei. Vi leiter og leiter. Nå er nesten alle borte. På scenen ryddar ti menn i svarte T-skjorter. - Vi finn den ikkje, seier Helene. - Du må ta taxi heim, seier Maja. Eg veit at dei har rett. Skoen er borte. Eg må hoppe heim. - Du kan spørje dei, seier Helene og ser på mennene som ryddar på scenen. - Eg gjer det, svarar jeg. Det er smart.


- Eg har mista ein sko, ropar eg til ein av mennene på scenen. - What!?! ropar han tilbake. - I have lost my shoe, seier eg. Have you seen it? - No! ropar han tilbake. Han ser ikkje glad ut. Så rydder han videre. Eg skal til å hoppe tilbake til Helene og Maja. - Wait! ropar han. Så kastar han skoen min på meg. Skoen min! Eg er så glad, så glad. Skoen min er tilbake. Vi går ut i natta. Det er kaldt. Men eg er glad. For skoen, musikken og venene mine.

63 views
Les norsk

Velkommen til LES NORSK.

Her finner du enkle tekster for deg som lærer norsk.

God lesing!

© 2019  Les norsk! Laget med Wix.com

Ta kontakt 
This site was designed with the
.com
website builder. Create your website today.
Start Now